Arrangement arkiv

150 år med vêrvarsel

150 år med vêrvarsel Foto: Tidenes krav
  • Dato: 11.10.2016 - 11.10.2016

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Upop

  • Møteleder: Jori Neteland-Kyte

  • Innledere:

    Anders Doksæter Sivle

    Statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt (MET) feirar 150 år. Dette vert feira med stadig nye nedbørsrekordar i Bergen. Vestlendingar veit nemleg betre enn å gå ut ein solskinsdag utan paraply. Har du lyst til å endeleg lære kva uttrykka lågtrykk, nedbørsmengde, gløtt av sol og pent vêr eigentleg tydar, lyt du kome på jubileumsmøtet til Meteorologisk institutt!

Sjølv om vêret opptek mange nordmenn, har vêrmeldinga naturleg nok ikkje alltid vorte formidla til oss av Gislefoss senior og junior. Mykje har endra seg på vegen frå telegrafen si tid til vårt eiget yr.no. På slutten av attenhundretalet kunne ein mellom anna få med seg morgondagens vêr ved å sjå på plakatar festapå forbipasserande tog og høge master. Samstundes var vêrmeldinga meir eit vagt frampeik om korleis vêret kom til å verte, enn dei detaljerte vêrkarta me kjenner til i dag. I dag tek me for give at meteorologane skal servere nokså truverdige varsel.

Studentersamfunnet inviterter statsmeteorolog og forskar Anders Doksæter Sivle ved MET for å snakke om utviklinga av det norske vêret, korleis me tidlegare kunne spå det og korleis den meteorologiske utviklinga vert framover.

Logg inn