Arrangement arkiv

270 år med livserfaring

270 år med livserfaring
  • Dato: 05.10.2016 - 05.10.2016

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Mikkel Ekeland Paulsen

  • Innledere:

    Jakob Skarstein

    Inger-Lise Skarstein

    Ida Blom

Kva skil menneske som har levd over 80 år frå menneske som har levd knappe 20? Dei over 80 veit faktisk kva dei snakkar om.

Me har mykje å lære av dei eldre, vert det sagt. Samstundes har dei eldre gjerne noko å lære av dei unge. I kveld tek me utgangspunkt i fyrstnemnde påstand. Dei gamle er eldst, slik er det berre. Sjølv om dei rør seg litt treigare med åra, veit me at deg sit på store perspektiv og eit rikt minne med årelange refleksjonar. Dei har sett ei tid og eit samfunn me unge berre har små svart-kvite glimt av.

Kva kan ein karriereforfjamsa student utan avgjerdsevne lære av menneske som har levd fire gongar så lenge? Studentersamfunnet set denne kvelden fire - ikkje heilt vanlege, men ikkje heilt uvanlege - menneske på scena med til saman over 270 års livserfaring. Møt Jakob Skarstein som dreiv illegal kulturverksemd under andre verdskrig, og vart seinare ein viktig pionér i norsk radio. Kona hans kjem òg: Inger-Lise Skarstein, som var på skjermen under Noregs fyrste fjernsynsending, og som seinare vart vald inn på Stortinget. Ida Blom, landets fyrste professor i kvinnehistorie kjem òg.

Reinsk øra og lytt til nokon som veit betre!

 

 

Logg inn