Arrangement arkiv

EØS: Demokratisk sjølvskading?

EØS: Demokratisk sjølvskading? Juba ROININEN/EUP-IMAGES/Statsministerens kontor
  • Dato: 09.03.2017 - 09.03.2017

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Tivoli, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Debatt

  • Møteleder: Ingvild Blindheim Hole

  • Innledere:

    Halvard Haukeland Fredriksen

    Professor ved Det juridiske fakultet, UiB

    Jan Erik Grindheim

    Leiar for Europabevegelsen

    Kathrine Kleveland

    Leiar for Nei til EU

    Heming Olaussen

    Leiar for EØS-utvalet i SV

    Heidi Nordby Lunde

    Stortingsrepresentant for Høyre

    og medlem av Finanskomiteen

Noreg vart del av EØS-avtalen i 1994. Sidan den gong har samarbeidet blitt meir omfattande, og forpliktingane stadig fleire. Ein betydeleg del av Noregs lover vert regulert av EU, og me er underlagdefleire av EUs institusjonar. Er dette demokratisk?
 
Det å gje vekk delar av vår suverenitet går ofte hand i hand med venta fordelar i retur. EUs rolle som samarbeidsorgan er både anerkjend og glorifisert mellom anna gjennom fredsprisen frå 2012. Har Noreg eigentleg utbytte avein limbotilstand i unionen? Kva får meigjen for våre ofringar?
 
Noregs framtid i EU er eit omstridt tema. Professor ved Juridisk fakultet Halvard Haukeland Fredriksen spesialiserer seg på EØS-rett. Han ser fleire positive konsekvensar ved avtalen, men er kritisk til kor mykje suverenitet Noreg gjev opp ved å vere deltakar. Leiar for Europabevegelsen Jan Erik Grindheim meiner me treng EØS-avtalen meir enn nokonsinne, og hans organisasjon jobbar for fullverdig medlemskap i EU.
 
Kathrine Kleveland er leiar i Nei til EU, og representerer motpolen til Grindheim. Heming Olaussen frå SV leiar EØS-utvalet til eit parti som vil ut av samarbeidet. Vi får også besøk av stortingsrepresentant for Høgre og medlem av Finanskomiteen, Heidi Norby Lunde. 
 
Få med deg debatten om den viktigaste avtalen i Noregs historie.

Logg inn