Arrangement arkiv

Forlagssnakk

Forlagssnakk Foto: Finn Ståle Felberg/Privat/Anne Valeur
  • Dato: 05.04.2017 - 05.04.2017

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Guro Solheim

  • Innledere:

    Ingeri Engelstad
    Forlagssjef i Forlaget Oktober

    Pil Cappelen Smith
    Redaktør og eigar av bokhandelen Cappelens Forslag

    Synne Øverland Knudsen
    Forlagssjef i Fanfare

I april gjestar tre personar frå tre vidt forskjellige norske forlag sofaen til Studentersamfunnet i Bergen. Kvifor? For å gjere opp status for den norske forlagsbransjen anno 2017, vel. Forlagsfloraen i landet er ikkje det han ein gong var; nye, uortodokse forlag dukkar stadig opp, medan dei etablerte består.

Til samtalen kjem Pil Cappelen Smith, eigar av bokhandelen Cappelens Forslag samt forlaget med nesten same namn, og forlagssjef Synne Øverland Knudsen frå Fanfare, det uetablerte forlaget som ikkje er så opptatt av å skilje mellom det eine og det andre, med alternative utgjevingar som lydboksinglar og bokalbum i portefølja si. Desse møter Ingeri Engelstad, forlagssjef i Forlaget Oktober og forleggaren til litterære kanonar som Linn Ullmann og Karl Ove Knausgård.

Korleis er det å vere det største skjønnlitterære forlaget i landet? Kva er eigentleg ein lydboksingel? Og kva får ein til å gje ut eit såkalla «konversasjonsleksikon» på eit forlag kalla opp etter sin eigen bokhandel?

Logg inn