Arrangement arkiv

Frukost med Frank

Frukost med Frank Synne Arnesen Jenseg
  • Dato: 15.11.2016 - 15.11.2016

  • Tid: 09:00 - 10:00

  • Sted: Amalies hage, Bergen Offentlige Bibliotek

  • Komite: Aktuelt

  • Innledere:

    Frank Aarebrot

    Professor i samanliknande politikk ved UiB

Sjølv etter 200 minutt lyttar folk når professor Frank Aarebrot snakkar. Kvart semester let både nye og gamle studentar seg imponere av ein av dei mest frittalande akademikarane i Noreg.

Fullsette auditorium er ei sjølvfølge når Frank taler, og knapt ei veke går forbi utan eit Aarebrot-sitat i rikspressa ofte med utgangspunkt i hans professorstilling på instituttet for samanliknande politikk ved UiB. Han er kjend for sin kunnskap om alt som rører seg ute i verda, og er aldri redd for å seie nøyaktig kva han meiner. 

Også denne våren gjev Studentersamfunnet deg høve til å ete frukost med Frank. I samtale med aktuelle gjestar vil han dele sine tankar om det som rører seg under avisoverskriftene og bak kronikkane. Det vert servert gratis frukost til dei fyrste vitjande og kaffi til alle.

Logg inn