Arrangement arkiv

Helhus: Øl, Mat og Sex

  • Dato: 05.05.2018 - 06.05.2018

  • Tid: 21:00 - 03:00

  • Sted: Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Helhus

Studentersamfunnet gjentek suksessen frå tidlegare år, og inviterer til eit Helhus fylt av øl, mat og sex!

Dette blir ein kveld fylt av dei tre viktigaste tinga i eit studentliv, nemleg øl, mat og sex. Dette er ikkje ein kveld du vil gå glipp av! I løpet av kvelden vil du få sjansen til å smake på mykje spanande mat og prøve nye sortar øl. Det vil òg bli fleire spanande musikalske innslag i løpet av kvelden. Kort og godt: Her blir det noko for einkvar smak.

Har du mange spørsmål om sex, men får dårlege svar på Jodel eller ung.no? På Kvarteret får du sjansen til å spørje ein sexolog anonymt om alle dine kleine spørsmål. Eller lurer du kanskje på kvifor sexlivet ditt er ganske så annleis enn det du ser på TV eller porno?

I det akademiske forspillet får vi besøk av ein skodespelar som skal snakke om korleis det er å ha sex på film, og korleis det skil seg ut samanlikna med verkelegheita.

Opplev ein fantastisk kveld som blir endå kjekkare med øl, mat og sex!

 

Logg inn