Arrangement arkiv

Helhus: The Great Gatsby

Helhus: The Great Gatsby
  • Dato: 03.03.2018 - 04.03.2018

  • Tid: 21:00 - 03:00

  • Sted: Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Helhus

  • Innledere:

    John Dickie

    Mafiaekspert

Har du lyst å leve som sjølvaste Gatsby under «The Roaring Twenties»? Tida då skjørta vart kortare, musikken høgare, jazzen større, og dansen villare. Kom til Kvarteret og dans vekk heile kvelden i luksuriøse omgjevnader.

Denne kvelden vert Kvarteret fylt med glitter og glam som måler seg med 1920-talets ekstravagansar. Kle deg i din finaste flapperkjole eller smoking, og kven veit, kanskje du møter millionæren i ditt liv? Millionær eller ikkje, vi lovar premie til den mest glamorøse gjesten.

I løpet av kvelden vil du få sjansen til å teste quizkunnskapane dine om 1920-talet, utforske vin på vinsmaking, og danse til storband og jazzmusikk.  Men 20-talet var ikkje berre tida

for jazz og alkohol, det var også våpen og sementsko. Mafiaekspert John Dickie kjem for å gje deg eit innblikk i mafiaverksemda på 20-talet. Han har forska på korleis mafiaen kjempa seg fram til makt og innflytelse. Her får du sjansen til å spørje om alt du lurer på om mafiaen, utan å risikere å måtte «symje med fiskane».

Kom til ein kriminelt glamorøs 1920-talsfest som vil overgå sjølv Gatsby sine festar. «Can´t repeat the past?...Why of course you can!»

 

Logg inn