Arrangement arkiv

Kræsjkurs i kjærleik II

Kræsjkurs i kjærleik II
  • Dato: 07.02.2018 - 07.02.2018

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Sigrud Husebø Øygard

  • Innledere:

    Audun Brendbekken

    Medisinstudent og spaltist

    Bjørk Matheasdatter

    Parterapaut og forfatter

    Frode Thuen

    Psykolog og samlivsterapaut

Sjå føre deg at du møter the one. De har kjemien på plass, men korleis finn de vegen vidare til den evige kjærleiken?

Studentar i Bergen leitar alle etter den rette, og dei fleste er nok ganske usikre på korleis dating og parforhold eigentleg skal fungere. Derfor gjentek Studentersamfunnet suksessen frå førre semester og inviterer eit ekspertpanel til å svare på alt du har av spørsmål når det gjeld navigering i jungelen av roting, stemnemøte, avslag og store kjensler.

Også denne gongen vil du få høve til å stille spørsmål anonymt frå salen, slik at du kan få svar på dei flauaste, mest intime eller klissete spørsmåla du brenn inne med.


Vi har invitert parterapeutane Bjørk Matheasdatter og Frode Thuen, og medisinstudent og spaltist Audun Brendbekken som er van med å svare på spørsmål i si faste sexspalte i STOFF. Thuen er professor i psykologi og fast samlivsspaltist i Aftenposten. Matheasdatter er relasjonspedagog, foredragshaldar og spaltist i Dagbladet Magasinet. Ho har gjeve ut boka Å elske og bli elska som vart gitt ut våren 2017. I lag skal dei diskutere og svare på spørsmål om eit av dei store emna i livet: Kjærleiken.

Logg inn