Arrangement arkiv

Kunstig intelligens

Kunstig intelligens Foto: Edgarodriguesmunoz
  • Dato: 04.04.2017 - 04.04.2017

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Upop

  • Møteleder: Mats Fredrik Heigre

  • Innledere:

    Asgeir Berland
    IT-konsulentselskapet Inmeta

Me er omgjeve  av  maskiner overalt i dagens  samfunn. Kva skjer  når robotane byrjar  å  tenkje sjølv? Mange science fiction-filmar og dataspel frå det siste tiåret har forsøkje å gje oss svar på dette spørsmålet, men kor realistiske er dei eigentleg?

Noreg  har  verdas  dyraste  arbeidskraft,  noko  som  førar  til  auka interesse  for  dataintelligens  i  norske bedriftar.  Selskap  som  Telenor  og  Kongsberg  Gruppen  har  vist  stor interesse  for  sjølvlærande maskinteknologi  som  etter  kvart  vil  erstatte  menneskjeleg  arbeidskraft. NTNU  tilbyr  fleire  emner innan kunstig  intelligens  og Telenor byggjer forskningslaboratorium til 50  millionar kroner. Dette  er ikkje lenger framtida, det er no. Intelligente robotar kan i dag gjere mykje av det vi tradisjonelt trudde berre menneske kunne gjere: lytte, snakke og, til ein viss grad, tenkje.

Asgeir  Berland frå IT-selskapet  Inmeta  kjem  til  Bergen  for  å  gje  oss  innsyn  i  korleis  kunstig intelligens verkar og kor langt forskinga har kome

Logg inn