Arrangement arkiv

Kvinnekamp i spelindustrien

Kvinnekamp i spelindustrien
  • Dato: 08.03.2016 - 08.03.2016

  • Tid: 09:00 - 10:00

  • Sted: Akademika, Studentsenteret

  • Komite: Aktuelt

  • Møteleder: Øyvind Osdal Runde

  • Innledere:

    Solveig Møster

    Creative director i TripleRam Games

    Ayla Tessem

    Masterstudent

Trass i at halvparten av gamerar er kvinner, er spelindustrien den mest mannsdominerte kulturprodusenten me har i dag. Kvar vart det egentlig av kvinnene bak koda?

Spelindustrien har etter kvart vokse seg til å verte ein mastodont innan underhaldningsverda, med eit verdsresultat likestort som film og musikk til saman. På trass av dette ser mange framleis på gaming som ein “gutehobby”, sjølv om over halvparten av gamerar i dag er kvinner.

Og korleis er egentlig stoda i industrien som produserer desse underhaldningsprodukta? Over ein femtedel av utviklarar er kvinner, men dette er noko som knapt viser igjen, bortsett frå i hendingar med negativt forteikn; “Gamergate” er eit skinande døme på dette. 

Aktueltkomiteen ved Studentersamfunnet i Bergen har invitert Solveig Møster, adm.dir i Bergensbaserte TripleRam Games, og Ayla Tessem, spelforskar ved UiB, til ein samtale om kvinners plass i spelindustrien, og for å sjå på korleis kven du speler som påverkar deg.

Dei fyrste 50 deltakarane vil få gratis kaffi og frukost. 

Logg inn