Arrangement arkiv

Michelin sitt monopol

Michelin sitt monopol Foto: StateofIsrael
  • Dato: 01.07.2017 - 01.07.2017

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Storelogen, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Debatt

  • Møteleder: Sander Berg Stople

  • Innledere:

    Mikael Forselius
    Kokk og restaurantsjef på Røros hotell
    Svein Erik Renaa
    Medeigar i RE-NAA
    Amanda Bahl
    Restaurantanmeldar i Bergens Tidende

Kva er skilnaden på ein god og ein fantastisk restaurant? Det er det Michelinguiden som avgjer. Men med stor innverknad følgjer òg stort ansvar.  


Premien er ein fullbooka restaurant månader fram i tid, verdsfemnande merksemd og tilstrøyming av matskribentar. Men som verdas dominerande guide for topprestaurantar fortener han likevel kritikk - bør det finnast eit monopol på god smak?


Og kanskje viktigare - bør Michelinguiden sine vurderingar strekkje seg forbi det som finst på fatet? Ynskjet om suksess kan fort undergrava arbeidsvilkår, glød og ekte matglede. Gullstjerna kan sjå ut til å ha ei skuggeside, men skal ein guide for luksusmat bry seg med anna enn smak? 


Studentersamfunnet inviterer til debatt om Michelinguiden sin gastronormative maktposisjon. 

Logg inn