Arrangement arkiv

Musikk frå Bergen: Det regner stjerner

Musikk frå Bergen: Det regner stjerner
  • Dato: 21.02.2017 - 21.02.2017

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Andrea Alvheim Krüger

  • Innledere:

    Yngve Leidulv Sætre,

    plateprodusent

    Joar Nicolaysen,

    kommunikasjonsmedarbeidar i Brak

    Stig Tenold,

    musikkkjennar og professor i økonomisk historie hjå NHH

Bergensområdet har dei siste tiåra produsert fleire og fleire artistar som har lukkast både nasjonalt og internasjonalt. Kva er det som gjer at populærmusikken frå Bergen stadig får meir merksemd i dagens musikkmiljø?

Den første dråpa kom på 1970-talet. Sidan den gong har det regna tettare og tettare med stjerner i byen mellom dei sju fjell. Dråpane vart mange nok, og samla seg til ei bølge som skylde nye artistar som Sondre Lerche, Datarock, Röyksopp og Lars Vaular utover heile landet.

Det kan synast som at bergensbølgja slo til med både ein styrke, eit omfang og popularitet som har festa seg hos folk gjennom fleire generasjonar. Korleis skil Bergen seg ut, som musikk- og kulturby i Noreg?

 

Til møtet kjem plateprodusent i Duper Studio Ans, Yngve Leidulv Sætre, saman med Joar Nicolaysen, som er kommunikasjonsmedarbeidar i Brak. I tillegg kjem Stig Tenold, musikkkjennar og professor i økonomisk historie hjå NHH. Samla har dei god kjennskap og erfaring med Bergen som musikk- og kulturby, og vil dele raust av sin kunnskap kring dette kulturelle fenomenet.

Logg inn