Arrangement arkiv

Oljesmurt kultur

  • Dato: 20.04.2016 - 20.04.2016

  • Tid: 18:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Emma Helene Heggdal

  • Innledere:

    Georg Arnestad

    Kulturforsker

    Maja Ratkje

    Komponist og musiker

    Nina Lauvsnes

    Kommunikasjosndirektør i Festspillene

I samband med NHHS Kulturkonsumenter ynskjer Studentersamfunnet i Bergen velkomen til debatt om det oljesmurte kulturlivet. Forkludrar eller berikar oljesponsingen kulturen?

Nett som det meste anna i Noreg er kulturbudsjetta gjennomsyra av olja, men no markerer stadig fleire aktørar seg mot dette. Av dei som framleis lar seg sponse av oljeselskap finner vi til dømes Festspillene i Bergen og UKA i Trondheim. Samstundes er Øyafestivalen den siste av mange som har underskrive eit opprop mot oljesponsing av norsk kulturliv.

Maja Ratkje er ei av initiativtakarane til aksjonsgruppa «Stopp oljesponsing av norsk kulturliv». Ho møter kulturforskar, Georg Arnestad, og marknads- og kommunikasjonsdirektør i Festpillene, Nina Lauvsnes, til paneldiskusjon om oljesponsa kultur.

Logg inn