Arrangement arkiv

Rekreasjonell og kreativ matematikk

Rekreasjonell og kreativ matematikk Illustrasjon: Cesar Ojeda
  • Dato: 08.03.2016 - 08.03.2016

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: teglverket, Det akademiske kvarter

  • Komite: Upop

  • Møteleder: Jori Neteland-Kyte

  • Innledere:

    Roger Antonsen

    Førsteamenuensis ved

    Institutt for informatikk, UiO

Matematikk vert tradisjonelt nytta innan vitskap, medisin og økonomi, og for dei fleste samsvarer det ikkje med noko ein gjer for å slappe av etter ein lang dag. Kan matematikken likevel brukast rekreasjonelt?

Rekreasjon vert definert som noko ein gjer for å kople av, samstundes som det er morosamt og givande. Rekreasjonell matematikk kan vere origami, leik og spel. Rubiks kube har vore til underhaldning for mange, men kan denne type matematikk også spele ei større rolle, kan det vere noko som kan inspirera til auka interesse og forståing for feltet?

Roger Antonsen er førsteamanuensis i informatikk ved Universitetet i Oslo, og meina at det er feil å berre tenke på matema- tikk som tal, formlar og utrekningar. Han skriv i ein kronikk for Aftenposten at vi har klart å gjere det mest kreative og fargerike av alle fag om til noko som det er ok å mislike. Matematikk handlar om å bruke førestillingsemna og å vere kreativ. Ved utforsking og forteljing av gode historiar skapar ein undring, glede, fasinasjon og nysgjerrighet for matematikken. Det å gjere matematikk på denne måten er som å vere ein oppdagar, det å oppdage og bevise matematiske sanningar blir ein form for kunst.

 

 

 

Reknar med at du kjem!

 

Logg inn