Arrangement arkiv

Spillavhengighet blant unge

Spillavhengighet blant unge
  • Dato: 24.04.2018 - 24.04.2018

  • Tid: 08.30 - 09.30

  • Sted: Bergen Offentlige Bibliotek

  • Komite: Aktuelt

  • Møteleder: Trym Stranda Eilertsen

  • Innledere:

    Ståle Pallesen
    Professor i samfunnspsykologi ved UiB
    Ragnhild Solberg
    Blogger "Spillpikene"

Videospel har aldri vore meir populære. Uansett kjønn og aldersgruppe har det aldri blitt spelt like mykje som i dag - og tala veks. Spesielt er det barn og unge som brukar fritida framanfor skjermane. 
Videospel i dag er designa på ein måte som skal få oss til å halde fram med å spele dei - noko som fort kan gå over i rein avhengnad. I tillegg er spel som Fortnite kledd i eit fargesprakande ytre, men er valdelege ved kjerna. Kan dette venlege ytre føre til at problem som kan oppstå ikkje vert snakka nok om, og kan me egentlig nok om avhengnad?
Aktuelt inviterer til frokostmøte der me stiller eit kritisk søkelys på unges spelbruk.
Det krevast medlemskap for å delta på arrangement i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Medlemskap er ope for alle, og kan kjøpast i døra for 50 kr. Dette gir deg gratis inngang til alle ordinære arrangement inneverande semester.
Frukost og kaffi serverast til dei 50 første oppmøtte, og me oppfordrar salen til å kome med spørsmål og innlegg.
Illustrasjon av banner: Agnes Enger Guttormsgaard

Logg inn