Arrangement arkiv

Språk og hjernen

Språk og hjernen
  • Dato: 26.09.2017 - 26.09.2017

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Upop

  • Møteleder: Annonseres

  • Innledere:

    Karsten Specht
    Professor i nevrovitskap ved UiB

Kan du tenkje utan språk? Språk opnar fleire funksjonar i hjernen og er grunnleggjande for samhandlinga vår med verda. Korleis er språk med på å endre oppfatninga vår av røyndomen og måten me ser han på? 

Tenkjer born før dei kan språket? Nokre psykologar trur ikkje dei gjer det -  ikkje som oss. Du har kanskje høyrd at hjernen til fleirspråklege verkar annleis. Menneskehjernen vert fort komplisert å studere, men ei rekkje forskingseksperiment i born tyder på at hjernen startar som små, lause bitar der språket må til for fylle mellomromma. 

Kan du sjå for deg eit liv utan språk? Ingen namn for å skilje mellom objekt eller ulike personar, inga moglegheit til å fortelje kva du skal neste tysdag. Språk er udiskutabelt praktisk, så praktisk at ein ofte vil kunne fleire. Du tenkjer sikkert på eit språk - kan du tenkje utan det? 

Veks hjernen din når du lærer eit nytt språk - og gjev språk betre hukommelse? I sitt omfattande forskingsarbeid nyttar professor Karsten Specht fMRI for å undersøkje korleis språket påverkar hjernen. Specht har doktorgrad i nevrovitskap og kjem for å samtale om språkets kraft.

Logg inn