Arrangement arkiv

Stein om Grotter

Stein om Grotter Foto: Hegeland Kommune
  • Dato: 25.04.2017 - 25.04.2017

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Sted annonseres

  • Komite: Upop

  • Møteleder: Urd Ingunn Eriksen

  • Innledere:

    Stein-Erik Lauritzen
    Forfattar og speleolog (grotteforsker)

Eventyrarar risikerer livet sitt for  å trenge seg gjennom kilometer av eksotiske grotter  i  det  store  utland.  Men  du  treng  ikkje  reise  langt  for  å  oppleva  dette underlege naturfenomenet. 

Noreg  er  eit  grotteland!  Berre  i  Nordland  finst  det  over 200  grotter  og  den  lengste strekkjer  seg  20  kilometer  inn  i  fjellet.  Dei  fleste  grottene  i landet ligg i  Nord-Noreg der berggrunnen består av kalkstein. Vatn som inneheld CO2 løyser opp mineral og lagar  sprekker  som  vert  utvida  til  kanalar  og,  etter  kvart,  til grotter.  I  dei  djupaste holene  har  ljoset  for  lengst  slutta  å  trenge  inn,  og  nokre  har  aldri  vore  utforska  av menneske.

Bli med inn i mørkeret, reis fleire tusen år tilbake i tid. Grotter er naturens tidskapslar der  bevarte  plante-  og dyrerestar gir  eit  fantastisk innsyn i  korleis  verda  såg  ut  før. Ved å studere dryppstein kan ein følgje svingingane i klimaet gjennom tusenar av år, litt som å utforske årringane i eit tre.

Stein-Erik  Lauritzen er  Nordens  einaste  profesjonelle  speleolog  (grotteforskar)  og er   forfattar   av   boka Grotter –   Norges   ukjente   underverden.   Han   kjem   til Studentersamfunnet  i  Bergen  for  å  dele  sine  beste  grotteopplevingar  og  litt  av forskinga si.

Logg inn