Arrangement arkiv

Valgvake på Kvarteret

  • Dato: 11.09.2017 - 12.09.2017

  • Tid: 18:00 - 06:00

  • Sted: Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Helhus

Studentersamfunnet inviterer til ein kveld med store sigrar, bitre tap, gamle konfliktar og nye håp når Stortingsvalet 2017 skal avgjerast.   

Nok ein gong har den norske folkesetnaden trekt ut or sine lafta trehus, og lagt sine røyster igjen ved den lokalbarneskulenValurnene er fulle - førehandsrøyster har òg vortne avlagt. Og som alle val før, er dette valet det viktigaste. Vil Solberg-regjeringa overleve dommen? 

Me vert lova gull og grøne skogar, men spørsmålet er kven som er best eigna til å oppfylllovnadane i laupet av dei neste fire åra. Går me mot regjeringsskifte? Vil Venstre falle under sperregrensa? Kva for norske verdiar sigrar i år - og vert olja skylt ned i sluket? Kanskje er handlekrafta til regjeringa lagt band på av demokratiet sjølv, ome kjem knapt til å merke nokon skilnad. Bruk røysteretten, og finn ut! 

Valet byr på ei lang rekkje debattar, spørsmål, intrigar og nye idear. Me freistar å nyste opp i og få svar på eit par av dei før valresultatet tikkar inn. Møt opp på Kvarteret og følg heile valnatta i lag med Studentersamfunnet! 

Logg inn