Nyheter

EØS-galoppen

2. mai er det 25 år sidan Noreg underteikna avtalen som har utvikla seg til å bli så stor og kompleks at knapt nokon har full oversikt over den. EØS-avtalen var tema for debatten Studentersamfunnet heldt 9. mars.

 

I panelet var Halvard Haukeland Fredriksen, professor i rettsvitskap ved UiB og spesialist på EØS-rett, Jan Erik Grindheim, leiar for Europabevegelsen, Kathrine Kleveland, leiar for Nei til EU, Heming Olaussen, leiar av EØS-utvalet i SV og Heidi Nordby Lunde, stortingsrepresentant for Høgre.

 

I 1992 trudde dei fleste stortingspolitikarane at avtalen berre skulle gjelde nokre få år.  – At vi framleis har avtalen er nærast eit under, seier Haukeland Fredriksen. Han forklarer dette med at avtalen kan seiast opp kva tid som helst, og meiner det knapt finnest nokon som kjenner innhaldet i avtalen til fulle. – Mangelen på kunnskap om avtalen kan vere med på å legge ein dempar på debatten, understrekar Haukeland Fredriksen.

 

Avtalen

EØS-avtalen sikrar Noreg tilnærma fullt medlemskap i EUs indre marknad med to viktige unntak; fiskeri og landbruk. - Kostnaden er at vi har ingen demokratisk medråderett, seier Haukeland Fredriksen. Sidan vi har halde utanfor fiskeri og landbruk, gjer dette debatten om avtalen vanskeleg. - Viss ein ser det frå Brussel er avtalen fantastisk for Noreg, meiner han. – Kven andre kan halde to handelsområde utanfor og krevje deltaking i alt det andre, og får det, spør Haukeland Fredriksen. Han meiner ein ikkje bør sette likskapsteikn mellom eit EØS- medlemsskap og eit EU-medlemsskap. - EØS- avtalen har eit avgrensa bruksområde, og den handlar om økonomi og marknad. Den handlar om fri flyt av kapital, varer og tenester, påpeiker professoren i rettsvitskap.

 

Om positive verknadar

At Noreg får vere med i den frie marknaden er avgjerande, meiner Nordby Lunde. - Dette er den viktigaste handelsavtalen vi har. Den sikrar norske bedrifter og arbeidsplassar, og gjer at vi kan eksportere våre varer og tenester til EU, seier ho. EU påverkar norske reguleringar på fleire måtar. - Vi gløymer av og til kva EU har å seie for oss med tanke på forbrukarrettar. Under finanskrisa arbeidde omkring 260 000 europearar i Noreg, og dette gir ei moglegheit for å halde liv i den norske økonomien. Det gir også enkeltmennesket ein sjanse til å halde liv i sin familie, påpeiker stortingsrepresentanten frå Høgre. Ho meiner vi ikkje kan undervurdere kor mykje EØS- avtalen har å seie for Noregs verksemder, arbeidsplassar og enkeltindivid. – Vi hadde ei Europa-utgreiing for eit par år sidan som estimerte at mellom to og tre hundretusen arbeidsplassar er direkte avhengige av eksporten til EU, seier Nordby Lunde.

 

Om negative verknadar

Leiaren i EØS-utvalet for SV tenkjer EØS har ei stor kostnadsside når det kjem til demokratiet. – Avtalen inneber eit enormt demokratisk underskot. Lover og reglar vert bestemt i Brussel, og Noreg kan i liten grad seie frå om noko ikkje passar for oss, påpeiker Olaussen. Noreg har formell vetorett som berre er brukt ein gong i møte med EUs tredje postdirektiv. - Det er ein veldig ubalanse i forhold til Grunnlova som seier at norske lover skal bli gitt av Stortinget, og at ein skal dømmast av den norske høgsteretten. I realiteten importerer vi eit stort tal lover, reglar og direktiv frå EU der fleire neppe ville sett dagens lys om vi hadde tatt utgangspunkt i våre interesser, seier han. EU representerer ei «one size fits all»-ordning der ein skal ha mest mogleg standardiserte og like reglar og lover for heile EU-området. EØS-avtalen er mellom tre land på den eine sida og 28 på den andre. - Dette medfører at Noreg ofte møter ein situasjon der vi har kome lengre i utviklinga av våre velferdsordningar og lovverk. Når ein då skal lage standardiserte reglar må Noreg jekke seg ned sidan det skal vere likt for heile EU, seier Olaussen.

 

Mellom himmel og jord

 – At det alltid er mykje betre hos oss enn alle andre, er myten nei-sida spreier. Dette stemmer sjølvsagt ikkje, svarer leiaren i Europabevegelsen. Grindheim syner til at EU også er demokrati, og at EØS-avtalen berre er ein liten del av dei 75 avtalane vi har med unionen. – Noreg er medlem av EU; vi veit det berre ikkje sjølve, tenkjer Grindheim. Olaussen påpeikar at EØS-avtalen har ein langt meir einsidig, omfattande og inngripande karakter enn dei andre meir bilaterale avtalane. Leiaren i Nei til EU framhevar at avtalen vi signerte for 25 år sidan er kraftig endra sidan då. – I 1992 vart det sagt at avtalen ikkje skulle ha innverknad på arbeidsliv og velferd. I dag har den innverknad på alt mellom himmel og jord, påpeiker Kleveland. Ho er mest uroa over eit arbeidsliv i stor endring og sosial dumping. – Bemanningsdirektiv og vikarbyrådirektiv gjer at vi får inn mykje arbeidskraft, men vi dei som kjem til landet bør ha norske vilkår og arbeidsforhold, seier ho.

 

Vi går ei spennande tid i møte med Brexit, og utviklinga i EØS- og EU-samarbeidet i Noreg og Europa.

 

Denne torsdagen held Studentersamfunnet i Bergen debatt om kriminalomsorg på Det Akademiske Kvarter klokka 18:00. Vi håper mange vil ta turen innom!

 

 

Av Kaspar Selvik

Logg inn