Nyheter

Kjønn og ukjønn i historia

Kjønn og ukjønn i historia Skeivt arkiv, redigert

Me likar å tru at det går framover. Derfor meiner me gjerne at me er meir frigjorde og opplyste enn tidlegare generasjonar, i alle fall når det gjeld kjønn og seksualitet.

Nokre meiner rett nok at frigjeringa har gått for langt, og at det ryddige kjønnssystemet er truga av alle dei skeive kreftene som plutseleg har fått bryta ut. Begge standpunkta er heilt legitime, så lenge dei ikkje byggjer på denne førestillinga: «I gamledagar fanst det berre vanlege menn og kvinner, og alle var hetero (eller gav seg ut for å vera det).» For slik var det ikkje.

I Hardanger fanst det på 1660-talet ei nidvise om to unge kvinner som stadig «hauffer sig med huerandre». Om denne påstanden var rein lygn eller hadde rot i røynda, veit me ikkje. Våren 1693 vart ein ung mann, Aron Åsulsen, dømd i Kragerø byting for «uterlige» (usømelege) handlingar mot andre menn. Han fortalde sjølv at han hadde hatt slike lyster frå ungdomen av, og at dersom han ikkje følgde dei, bivra han som eit ospelauv eller sprella som ein fisk. På slutten av 1700-talet vart eit ungt par ektevigt i Strømsø kyrkje i Drammen, men nokre år seinare viste det seg at brudgomen visstnok var kvinne: Jens Andersson var døypt Marie Andersdotter, og ifølgje medisinske ekspertar hadde han ein heilt vanleg kvinnekropp – men Jens oppfatta seg ikkje som kvinne. I 1890-åra sa ein kvinneleg pasient på Rosenbergs asyl i Bergen at «hun vil heller dø, end undvære kvindfolk».

Bodskapen er ikkje at det var uproblematisk å vera desse personane. Aron vart piska og brennemerkt og forvist frå Kragerø, Jens vart sett i fengsel (men greidde seinare å rømma), og den kvinnelege pasienten var nettopp pasient på eit psykiatrisk sjukehus, med von om å bli kurert for «den perverse drift». Men det fanst altså menneske som braut normene for kjønnsuttrykk og seksualitet.

Korleis vart slike menneske oppfatta og omtala i samtida? Kva slags språklege kategoriar var tilgjengelege? Språket og orda er med på å setja rammene for korleis me forstår oss sjølve og verda ikring oss, ofte utan at me merkar det. Mange av omgrepa me brukar i dag, til dømes homofil og transperson, kom ikkje i bruk før på 1900-talet. Når me studerer omtalen av «skeive» personar i eldre tid, ser me at det har eksistert andre tankemønster og kategoriar enn dei me har i dag, og at desse personane har vore oppfatta og handsama på svært ulike måtar.

På møtet 24. februar skal me gå inn i denne materien og sjå nærmare på korleis kjønnslege normbrot vart forstått i samtida, frå norrøn tid og fram til i dag.

Kristin Fridtun, filolog og forfattar.

Runar Jordåen, historikar og leiar for Skeivt arkiv i Bergen.

Logg inn