Nyheter

Kva no, Tyrkia?

Tyrkia går ein avgjerande vår i møte i høve til kåra for demokrati, menneskerettar og ytringsfridom. Tysdag 7. februar heldt Studentersamfunnet frukostmøte om situasjonen på Bergen offentlige bibliotek.

I panelet var Morten Myksvoll, redaktør for tyrkiskpolitikk.no, Siri Neset, professor ved Christian Michelsens institutt og Thomas Spence, leiar for Norsk Journalistlag.

 

Samtalen handla om eit Tyrkia som enno er sterkt prega av det misslukka kuppforsøket 15. juli i fjor. Landet har også store utfordringar i høve til økonomi og terror, og den komande folkeavstemminga 16. april vert svært avgjerande for retninga landet tek vidare.

 

Då skal tyrkiske borgarar stemme over ei grunnlov som vil erstatte store delar av den gjeldande grunnlova frå 1982. Ein vil stemme over eit regimeskifte der ein kan gå frå eit parlamentarisk styre til ein presidentsiell republikk. Om den nye grunnlova vert vedteken på bakgrunn av folkerøystinga, vil ein avskaffe statsministerrolla og overføre all utøvande makt til presidenten. Myksvoll meiner likevel at det nye grunnlovsforslaget vil fungere som ei legalisering av dagens praksis. Sidan Receep Tayyip Erdogan vart valt i 2014 har han nytta seg av utøvande makt sjølv om han ikkje har mandat til dette i følgje grunnlova. Endringane i grunnlova vil også opne for at Erdogan kan sitte med makta fram til 2034. Då vil han vere 80 år.

 

- Det nye systemet som vert foreslått i grunnlovsendringa er eit demokratisk system, og viss vi hadde innført dei endringane som er foreslått i Noreg så hadde dette gått fint, seier Myksvoll. Problemet er at Tyrkia har uthola institusjonar og ei svak maktdeling, og den maktkonsentrasjonen som ein no kjem til å sjå vil føre til at Tyrkia vert meir udemokratisk. I dagens politiske landskap i Tyrkia er det heller ikkje eit reelt alternativ til det styrande partiet AKP. Grunnlova legg også opp til at ei eittpartiregjering treng femti prosent av stemmene i parlamentet bak seg, medan ei koalisjonsregjering treng nesten 2/3 av parlamentet bak seg, og dette riggar systemet for at AKP som Erdogan leiar skal kunne halde på makta i åra framover.

 

Noreg har som ein alliert i NATO knytt seg til Tyrkia for å bevare felles verdiar som demokrati, menneskerettar og ytringsfridom. I følgje Spence har Noreg dermed både rett og ein plikt til å peike på og fordømme når Tyrkia gjer feil eller overtramp, noko som Tyrkia gjer i massevis. Tyrkisk medielandskap har vore prega av truslar, sjølvsensur og svake eigarar også før kuppet. Det skulle lite til å bli tiltalt for å krenke presidenten, tradisjonelle verdiar, støtte terroristar og då spesielt med tanke på kurdarane. Etter kuppforsøket har vondt blitt til verre. Erdogan nyttar seg av kuppforsøket som eit skalkeskjul for å forfølge alle kritiske stemmer og institusjonar, og sidan kuppet har 176 mediehus, aviser, radiokanalar og tv-stasjonar blitt stengd, og då spesielt i kurdiske område. Over 300 journalistar har mista jobben utan lønn eller kompensasjon, og dei fleste har fått beskjed om at dei har mista jobben gjennom eit dekret frå myndigheitene. 123 journalistar er i tillegg per dags dato fengsla i Tyrkia, og dette betyr at Tyrkia er det landet som toppar statistikken over flest fengsla journalistar i verda.

 

Innleiarane gjorde seg opp nokre tankar om kva som må til for at situasjonen skal betre seg for det tyrkiske demokratiet framover. Myksvoll trakk fram at Tyrkia har verdas høgste sperregrense på ti prosent, forma for at kurdiske parti ikkje skulle få innpass i parlamentet. Hadde ein redusert sperregrensa, hadde ein redusert sjansen for reint fleirtal i parlamentet. Ein hadde unngått situasjonar som då AKP kom til makta med 34 prosent av stemmene, men fekk 2/3 fleirtal i parlamentet sidan berre to parti kom over ti prosent. Spence trakk fram at det viktigaste håpet for det tyrkiske demokratiet ligg hjå det tyrkiske folket sjølv, men at alle andre utanfor kan påverke direkte eller indirekte. Han oppfordra norske myndigheiter og andre til å utøve eit press mot Tyrkia for å betre situasjonen, slik at dei ser at verda følger med. Neset la til at det er viktig at vestlege regjeringar ikkje lar seg fengsle av den sikkerheitssituasjonen vi er i med tanke på flyktningkrisa, og truslar om kva som kan skje om ein kritiserer Tyrkia.

 

Neste tysdag 21. februar klokka 08:30 held Studentersamfundet i Bergen frukostmøte om pedofili, og kva som blir gjort i Noreg for å forebygge overgrepVi håper mange vil ta turen innom!

 

 

Av Kaspar Selvik

Logg inn