Nyheter

Om historiebruk og -misbruk

Nokre gongar kan versjonen ein brukar av historia verte ein farleg reiskap for å fortelje at ei gruppe menneske er betre enn andre, understreka  Gudni Thorlacius Johanneson, nyvalt president på Island frå 2016. Han leia an med føredrag før debatt om bruk og misbruk av historie, nasjonalarv og nasjonalisme torsdag 23. mars.

Universitetet i Bergen inviterte til arrangementet med celebre gjestar i samarbeid med Studentersamfunnet, foreininga Snorres venner og Islands ambassade i Oslo. Kong Harald var tilhøyrar i salen. I debattpanelet var Guðni Th. Jóhannesson, president i Island, Guðrún Nordal, direktør for Árni Magnússon-instituttet på Universitetet På Island, Sverre Bagge, professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen og Bergsveinn Birgisson, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og forfattar av boka Den svarte vikingen. Debatten vart moderert av Margareth Hagen, dekan ved det humanistiske fakultetet ved UiB og Marte Hauge frå Studentersamfunnet.

 

Misbruk av historie

I utfordringa til president Johanneson med å gi døme på korleis historie er blitt misbrukt i moderne tid, var han oppteken av å trå varsamt som statsleiar. – Historia er ein tryggare grunn enn notid og framtid, men den er framleis full av minefelt og krevjande område. Ein må verkeleg vere forsiktig. Balkankonflikten demonstrerer ganske godt korleis historie kan misbrukast av nasjonale og politiske leiarar i nokre land. Framstilt historie og aversjon mot historie bidrog til spenningar og til sjuande og sist blodige konfliktar, sa han, og synte til dette som eit grufullt døme på korleis historie kan misbrukast. I Balkankonflikten vart historia mellom anna brukt som argumentasjon for at nokre menneskegrupper var betre enn andre, og med einerett på gitte territorium.

 

Vikingtid og mellomalder

I møte om historie og historiebruk med deltakarar frå Island og Noreg kjem ein ikkje utanom vikingtida og mellomalderen. På spørsmål om det er rett å kjenne stoltheit i møte med vår felles fortid og vikingane sine handlingar, uttrykte Birgisson at her er mange positive aspekt ved vikingtida. – Det som er flott med sagalitteraturen er at sjølv om dei som skreiv den ned hadde ei anna tru enn sine forfedre så klarte dei å omfamne og fortelje om den, sjølv om dei hadde andre normer og verdiar, sa han, og meiner vi kan lære av dette i våre multikulturelle samfunn. – Ein må lære å omfamne noko som ein ikkje nødvendigvis deler sjølv, sa Birgisson, og framheva etiske aspekt i sagalitteraturen. – Også for dei kristne som i ettertid skreiv ned historia løfta fram etiske grunnverdiar i vikingtida som dei delte. Ein skulle ta fullt ansvar for alle sine handlingar som eit individ, forklarte historikaren.

 

På spørsmål om det eksisterte idear om nasjonar i Noreg og på Island i mellomalderen, meinte Bagge dette er eit særs komplisert spørsmål. – Ortodoksien er at nasjonar og nasjonalisme ikkje eksisterte i tidlegare tider. Eg er derimot ikkje så sikker på dette, sidan eg ser at det er ein del tendensar i denne retninga. Dette er basert på ideen om at ein kvar politisk einskap må ha ein del folk som er interessert i den sin eksistens vidare, på bakgrunn av ein ideologisk basis. Det er klart at denne basisen var mykje mindre i mellomalderen enn i dagens samfunn, men der eksisterte elitar som var interesserte i eksistensen til eit vist land slik som Noreg eller Island, understreka professoren. Han synte til Snorre Sturlason som eit døme på dette. – Då han skreiv sitt arbeid om dei norske kongane var han ein talsperson for dei norske interessene. Noko av det som er interessant med han er at då han prøvde å forklare at kong Harald ville bli konge av England, så sa han at dette var vanskeleg sidan ein ikkje kan verte konge i eit land utan nettverk. Ein hadde nettverk som forma fundamentet til styresettet i eit land, dette var det same i Noreg og i Island og mange andre land i Europa på denne tida, forklarte Bagge, og framheva vidare at historieskrivinga om mellomalderen har hatt tanken om nasjonen si store fortid som eit viktig intensiv.

 

Formidling

Nordal ser utfordringar i folk flest si oppdatering i høve til nyskrivinga av historiefaget, men ho meiner ikkje nødvendigvis at forskarar er dårlege til å dele forskinga si. – Eg trur dei prøver bra, og fleire verk som reviderer historia forsøker ein å kommunisere. Likevel er det slik at mykje historieforklaring gjennom åra har blitt investert i eit storslått nasjonalt narrativ. Dette gjer det vanskeleg å bryte gjennom med ny forsking sidan narrativa er så tett knytt opp mot vår identitet. Forteljingane er ein viktig del av korleis vi ser på oss sjølve. Vi har eit publikum som treng eit meir variert narrativ som pratar om kor komplisert samansetningar var i mellomalderen, og korleis land i fortida ikkje kan samanliknast med statar og samansetningar som vi har i dag, sa ho, og understreka vår plikt å fortelje denne komplekse historia. - Eg trur også at folk er interessert i å høyre den, avslutta ho.

 

Av Kaspar Selvik

Logg inn