Nyheter

Vegar til klimasmart landbruk

Korleis norsk landbruk kan møte klimaproblema, og bidra til internasjonal rettferd i matproduksjon, var tema for debatten Studentersamfunnet inviterte til torsdag 23. februar.

I panelet var Lars Bakken, professor ved Noregs miljø- og biovitenskapelige universitet, Lars Petter Bartnes, leiar for Norges Bondelag, Ivar Gaasland, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI Bergen og Siri Helle, agronom, journalist og forfattar av boka «Handle rett – lure val i ein matbransje full av juks».

 

I ei verd med folkeauke og klimautfordringar stod dei lange linjene i fokus for debatten om norsk landbruk si rolle og stilling, og ikkje eit kortsiktig perspektiv i møte med årets jordbruksoppgjer. Sidan 1970 er verdas matproduksjon meir enn dobla ved lik bruk av areal, men dette har ikkje skjedd utan omkostningar. Med om lag 7,5 milliardar menneske på jorda må vi finne ein måte å sikre alle eit berekraftig system for framtida. Korleis norsk landbruk kan tilpasse seg klimarøynda i 2067 var eitt av hovudspørsmåla til panelet.

 

Subsidiar versus straff

Bondelagsleiaren var tydeleg på at gardbrukarane er mellom dei som til dagleg kjenner klimaendringane sterkast, og at næringa alt har utfordringar med dette.  – Vi diskuterer mykje klima om dagen, og det er ein ny situasjon at matproduksjon vert sett under klimadebatt. Vi må ta utfordringa med å skape verdiar medan ein tek kostnadane av å gjere klimatilpassingar, seier Bartnes. Gaasland hevda på si side at jordbruksnæringa ikkje er villig til å gjere noko med dei to tiltaka som verkeleg vil hjelpe klimaet. – Jordbruket står for åtte prosent av dei totale klimagassutsleppa i Noreg, og viss vi tek med oppdyrking av myr så står næringa for 13 prosent av dei totale utsleppa, påpeikar BI-forskaren. Han synte vidare til at 50 prosent av utsleppa frå jordbruket kjem frå produksjon av raudt kjøtt, og at denne delen av næringa mottek også halvparten av subsidiane på 67 milliardar kroner i året til jordbruket. – Forureinaren vert betalt, ikkje straffa, meiner Gaasland.

 

Forbrukaransvar

Gaasland understreka at utsleppa i jordbruket må reduserast ved hjelp av tiltak som fungerer. – Dette gjer ein ved å redusere forbruket av raudt kjøtt, og å slutte å dyrke opp myr for matproduksjon som framleis skjer trass enormt store utslepp, påpeikar han, og la til at dette er den einaste måten å gjere næringa klimasmart på. Andre i panelet såg noko annleis på landbruket si rolle i møte med klimaspørsmålet. – Raudt kjøtt er ille, men viss vi skal skulde på nokon må det vere forbrukarane. Vi må slutte å ete det raude kjøtet. Vi kan ikkje kritisere bøndene for å produsere kjøtet som folk er villege til å kjøpe og ete, meiner Bakken. Berre om lag tre prosent av Noregs areal er dyrka jord, og på eitt prosent av desse produserer vi korn og grønsaker på. – Det er ikkje mogleg å produsere dette på resten av arealet, difor er dei to andre prosentane grasproduksjon. Difor treng vi storfe og småfe som kan danne om gras til menneskeproteinar. Dette har hatt vi tradisjonar for å gjere i Noreg i fleire tusen år, tenkjer Bartnes. Han meiner at klimaavtrykket til norske storfe også er lågare enn i resten av verda.

 

– Raudt kjøtt bør vere festmat som vi et sjeldan og som bør koste mykje, meiner  Gaasland. Agronomen og forfattaren Helle slo eit slag for sjølvforsyning og dyr på utmarksbeite. Ho meiner det vert feil å snakke om null klimagassutslepp frå landbruket, men at vi må få mest mogleg til å gå i eit krinsløp og bruke jorda si evne til å binde karbon. - Vi bør ete så mykje kjøt i Noreg som vi kan produsere på areala vi ikkje kan produsere annan mat på. Får vi til dette har vi kome ein lang veg mot eit klimasmart landbruk, seier ho.

 

Måndag 9. mars klokka 18:00 held Studentersamfunnet i Bergen debatt om EØS-avtalen som Noreg har vore del av sidan 1994, og om avtalen kan sjåast på som demokratisk sjølvskading. Vi håper mange vil ta turen innom!

 

 

Av Kaspar Selvik

Logg inn