BIFF: Borgarlønn

-
Dato: 28.09.2017 - 28.09.2017
-
Tid: 18.00 - 20.00
-
Sted: Storelogen, Kvarteret
-
Komite: Debatt
-
Møteleder: Sara Gagné Knudsen
-
Innledere:
Kalle Moene
Professor i økonomi ved UiO
Torill Braaten
Sentralstyremedlem i Rødt
Øyvind Stenersen
Talsperson for Basic Income Earth Network
Inga Evelyn Gaup
Kandidat til Sametinget
Sjå for deg ei verd der ingen treng eller kan arbeide. Borgarløn er eit av forslaga for å førebu oss på eit slikt tilvære. Manuelle yrke vert gradvis erstatta av maskiner. Er universell grunninntekt løysinga på framtidas arbeidsløyse?
Borgarløn er ei vilkårslaus grunninntekt som vert utbetalt til alle i eit samfunn, uavhengig av sosial status eller arbeidsforhold. Sosialistar ser på borgarløn som eit verktøy for å motarbeida ulikskap og fattigdom. På høgresida finn ein òg dei som er positive til borgarløn, då det kan medføre kutt i byråkratiet og statlege oppgåver. Men ein ser òg utfordringar; borgarløn kan verta ei sovepute for dei svakaste i samfunnet, og ordninga er potensielt kostbar med fleire utfordringar knytt til skattleggjing og omfordeling.
Professor i økonomi ved UiO, Kalle Moene, arbeidar med nett slike fordelingsspørsmål. Han meiner borgarløn er redninga når automatisering og robotikk tek overhand i arbeidslivet. Kalle Moene møter talsperson i Basic Income Earth Network, Øyvind Stenersen, sentralstyremedlem i Rødt, Torill Braaten og kandidat til Sametinget, Inga Evelynd Gaup hos Studentersamfunnet i Bergen.