Program

BIFF: Framtidsskulen

BIFF: Framtidsskulen
  • Dato: 04.10.2018 - 04.10.2018

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Tivoli, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Sigbjørn Løland Torpe

  • Innledere:

    Anita Jensen Ystebø, assisterende rektor ved Nordahl Grieg Videregående skole

    Hans Fredrik Vestneshagen, relations manager ved No Isolation

    Øystein Gilje, førsteamanuensis i pedagogikk ved UiO

 

Robotikk og smarttelefonar har endra samfunnet til det nær ugjenkjennelege, men korleis påverkar informasjonsalderen skulen?

 

Med pensumlister i stadig endring og læreplanar som vert skifta ut oftare, prøver skulen å henge med i den halsbrekkande utviklinga innanfor informasjonsteknologien. Men moderniseringa kan ha uante konsekvensar...

Det vert filmsyning etterfulgt av diskusjon om pedagogikken si form i framtida. I panelet sit Anita Jensen Ystebø, assisterande rektor ved Nordahl Grieg vgs., Hans Fredrik Vestneshagen frå teknologiselskapet No Isolation og Øystein Gilje, førsteamanuensis i pedagogikk ved UiO.

Denne veka vert kulturmøtet arrangert i samarbeid med Bergen Internasjonale Filmfestival, som vil syne filmen The School in the Cloud:

Sidan 1999 har den indiske professoren Sugata Mitra eksperimentert med å gje barn i fattige strøk tilgang på ny teknologi. I 2013 utvikla arbeidet seg til prosjektet The School in the Cloud. Dokumentaren med same namn handlar om dette internasjonale initiativet leia av Mitra sjølv, som har som mål å nytte den naturlege fascinasjonen hos born for moderne kommunikasjonsteknologi til å revolusjonere skuleundervisninga og tilby fyrsteklasses utdanning til dei som treng det mest

 

Logg inn