Program

Bingoaften

Bingoaften
  • Dato: 17.10.2018 - 17.10.2018

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Maria Carlsen

 

“B for Bjarte sjuogtjue. Gjentek: B for Bjarte tjuesju.” Er du av typen som blir usannsynleg gira kvar gong det raslar i trommelen? Eller likar du berre gratis greier? Studentersamfunnet arrangerer bingokveld, og du er hjarteleg velkomen!

 

Me er midt i semesteret, og den underlege kilinga du kjenner bakerst i hovudet har berre eit par veker igjen før den forvandlar seg til fullskala eksamensangst. Men fortvil ikkje - du har framleis tid til å utsetje lesinga litt til, og Studentersamfunnet gir deg ei unnskyldning til akkurat dette!

Kanskje du er av typen som hyler ut “Bingo!” før du er hundre prosent sikker på om du har den? Slå ut håret  - det er lov å la seg rive med. Denne onsdagen kan du belage deg på ordspel av varierande kvalitet og ein fest for belønningssenteret i hjerna di.

 

Ta med deg ein ven eller tre og kom og spel med Studentersamfunnet!

 

Logg inn