Program

Bokbyttefest

Bokbyttefest
  • Dato: 19.09.2018 - 19.09.2018

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Teglverket

  • Komite: Kultur

Handtaket på den blå Ikea-posen grev seg stadig djupare inn i handflata. Du tenkjer tilbake på dei gode gamle dagane, då pensum fekk plass i ein skulesekk og alt du hadde av skjønnlitteratur var Harry Potter-samlinga di og eit lånekort på folkebiblioteket. Men slik er det ikkje lengre. No vurderer du heller å teikne livsforsikring kvar gong du flyttar, sidan mengda bøker du har fort kan kome til å ende deg.

Du tek eit mismodig overblikk over den stappa bokhylla di. Pensum frå det året du prøvde deg på latinamerikansk historie - på spansk - står der enda, og det same gjer L’êtranger av Camus, som var litt meir utfordrande på fransk enn du forventa. Men so får du deg aldri til å tøme hyllene heller, for noko må trass alt fylle tomrommet der.

Det er onsdag, og kollektivet er hardt prega av konstant pissregn gjennom den føregåande veka. Humøret er like grått som skyene utanfor, og du må kome deg ut av huset for einkvar pris. Kanskje det hadde vore greit med bollar også. Bollar er alltid greit.

Dersom du kjenner på nokon av scenaria over, eller berre føler for å finne deg nytt lesestoff, held Studentersamfunnet bokbyttefest denne onsdagen.

Logg inn