Program

Den mektige musikken

  • Dato: 11.04.2018 - 11.04.2018

  • Tid: 20:00 - 22:00

  • Sted: Storelogen, Kvarteret

  • Komite: Samklangfunnet

  • Innledere:

    Kirsten Leidland
    Musikkaptein, Luftforsvarets musikkorps

    Peter Bryngelsson
    Komponist

    Rune Ottosen
    Professor i journalistikk

Kan ein vinna ein krig med musikk?

Brusande trommer og triumferande trompetar. Musikken skildrar mot, kjærleik til landet og storslåtte sigrar. Soldatane marsjerer, korpset speler. Militærmusikk er viktig over heile verda, også i dag. Musikk vert også brukt til propaganda, og er i stand til å overtyde sjølv dei sterkaste av oss.

Rune Ottosen, professor i journalistikk ved OsloMet – Storbyuniversitetet, snakkar om kva propaganda er. Kirsten Leidland, musikkaptein i Luftforsvarets musikkorps, fortel om militærmusikken i vår eiga tid. I tillegg kjem Peter Bryngelsson, som underviser i musikkomposisjon ved Musikhögskolan i Malmö og har skrive boka "Musik på blodigt allvar".

Logg inn