Program

Ei verd full av ost

Ei verd full av ost
  • Dato: 31.10.2018 - 31.10.2018

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Øyvind Osdal Runde

  • Innledere:

    TBA

 

I november 2016 gjekk oste-VM av stabelen i San Sebastian i Spania. Ved slutten av meisterskapen vart ein ny ost krona til verdsmeister - den beste osten i verda: blåmuggosten Kraftkar frå Tingvoll på Nordmøre.

Sigeren i Spania var langt frå det einaste som har hendt med norsk ost dei siste åra. Nye og gamle meieri har gjort stor suksess både i Noreg og internasjonalt, og samstundes med dette møtet finner oste-VM stad mellom dei sju fjell.

Dessverre er ikkje ost alltid det enklaste å forstå seg på. Ein kan fort gå seg vill mellom snakk om modningstid og muggsort, og når ein får tjue ulike sortar fastost å velje mellom er det fort fristande å halde seg til Jarlsberg. Difor ynskjer Studentersamfunnet i Bergen å gi deg ei innleiing i osteverda; korleis vert ein ost laga, og kva er skilnaden på ein god og ein vond ost?

Med oss for å forklare dette har me Pascale Baudonnel, ysteteknolog frå Undredal Støylsysteri og grunnleggjar av Norsk Gardsost, og Jørn Hafslund frå Ostegården i Fana.

Etter møtet inviterer me til ostesmaking med ei rekkje norske produsentar. Bli med Studentersamfunnet og utforsk osteverda!

 

Logg inn