Program

Epigenetikk: Genas lysbrytar

Epigenetikk: Genas lysbrytar
  • Dato: 07.11.2017 - 07.11.2017

  • Tid: 18:00 - 20:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Upop

  • Møteleder: Ingvild H. Hagesæter

  • Innledere:

    Rein Aasland
    Instituttleiar for biovitskap ved UiO

Født sånn eller blitt sånn? Alt ligg ikkje i genane, og epigenetikk handlar om korleis både arv og miljø formar oss og våre etterkomarar. Du blir kva bestemor di åt! 

Du har sikkert høyrt at alt ligg i genane. Dette er ei sanning med modifikasjonar. Gena kjem óg med ein brytar, som avgjer om dei skal vere av eller på. DNA-sekvensen forblir den same, og genutrykket kan videreførast til neste generasjon. Cellene “hugsar” kva for gen som skal vere på. Denne brytaren er vår epigenetiske arv, og kan vere sentral i sjukdomsspørsmål. Men kva er arveleg i epigenetikken? Kva seier forskinga så langt? 

Fullstendig kartleggjing av epigenetikk kan potensielt gje svaret på alt av av arvelege sjukdommar. Til samtale om denne komplekse genbrytaren og cellenes hukommelse, har me invitert professor i molekylærbiologi, Rein Aasland. Han er rekna som ein pionér i faget, og etter mangfaldige år ved UiB er han no leiar ved Institutt for biovitskap ved Universitet i Oslo.

Logg inn