Program

Fantastic Parties and Where to Find Them

Fantastic Parties and Where to Find Them
  • Dato: 17.11.2018 - 18.11.2018

  • Tid: 21.00 - 03.00

  • Sted: Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Helhus

Finn fram tryllestaven og tørk støvet av kutta di, magien kjem tilbake og du treng ikkje eit brev frå Galtvort for å delta på feiringa. Enten du er heilblods, grums eller gomp er du velkomen til Kvarteret for ein magisk kveld.

 

Som tilskodar til Harry Potter sine opplevingar fekk vi utforska ei heil verd av fantasi, kreativitet og menneskjer vi aldri heilt har lagt frå oss. Gjer som Humlesnurr og dykk ned i tanketanken for å gjenoppleva dei beste minna frå barndommen.

 

Vi invitera til yuleball der Storbandet Blæst spelar nydeleg musikk frå Harry Potter. Ta del i quiz og hent fram dine kunnskapar om fabeldyr, eliksirar, trylleformlar og sladder frå Galtvort. Gle deg til ei fantastisk rumpeldunkoppvisning med BSI rumpledunk, med moglegheit til å delta. DJ Bjørn Åsheim avsluttar kvelden med eit magisk dansegolv

 

Du treng ikkje forlate bygget for å skaffe deg nattmat, då kjøkkenet på Kvarteret diskar opp magisk gode rettar inspirert av Harry Potter. Finn fram sopelimen eller immiver til Kvarteret for ein kveld dedikert til alle sin store kjærleik: Harry Potter.

Logg inn