Program

Folkemusikkaftan

  • Dato: 03.10.2017 - 03.10.2017

  • Tid: 20:00 - 22:00

  • Sted: Storelogen, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Samklangfunnet

  • Møteleder: Anne Daugstad Wik

  • Innledere:

    Jo Asgeir Lie
    Artist og rektor ved Ole Bull-akademiet

Av folket, til folket! Folkemusikken fangar naturens vakre tonar og livnar opp tilværa.  Vår eldste musikksjanger treff oss i hjartet og har inspirert musikarar frå Edvard Grieg til Odd Nordstoga.   

På tvers av sjangrar og tid har musikarar latt seg inspirera av den norske folkemusikken. Fleire musikalske uttrykk er utvikla med utgangspunkt i denne. Folkemusikken har no fått fornya merksemd, men til trass for dette har den tradisjonelle folkemusikken mista mykje av fotfestet. Kva plass har folkemusikken i det norske samfunnet i dag?  

Komponist og trekkspelar Jo Asgeir Lie kjem for å gje oss ei innføring i folkemusikkens vakre tonar. Lie er rektor ved Ole Bull-akademiet og ein av landets fremste på sitt instrument. Han vil fortrylle publikum med musikk og si kunnskap om folkemusikkens historie og utvikling. Korleis står det til med den norske folkemusikken, og korleis vert utviklinga vidare?  

Me vil og få høyre dømer på Edvard Griegs inspirasjon frå folkemusikken, når musikarar frå Bergens Filharmoniske Orkester spelar Griegs strykekvartett i g-moll. Dette blir vakkert!

Logg inn