Program

Helhus: Ragnarok

Helhus: Ragnarok Illustrasjon: ToadLickr
  • Dato: 21.10.2017 - 22.10.2017

  • Tid: 20:00 - 03:00

  • Sted: Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Helhus

  • Innledere:

    Marina Benjamin

    Forfatter

Verdas ende kjem til Det Akademiske Kvarter!    

Denne laurdagen skal me leie deg inn til dine verste mareritt. Opplev apokalypsen i toppetasjen på Kvarteret, og la deg skremma av monster som skjuler seg i alle etasjar. Me inviterar både levande og ikkje-levande til spøktakulære konserter, og på Silent Disco kan du dansa til eigen rytme som om ingen monster kan sjå deg.   

Dystopi er eit svært populært tema som har fascinert oss lenge, men korleis har synet vårt endra seg på verdas undergang, frå Ragnarok til global oppvarming? Forfattar Marina Benjamin har skrive ei bok om den vedvarande fascinasjonen me har med enden på verda, og skal denne kvelden fortelle om dystopi, forfall og øydeleggjing.   

Bli med oss på reise til verdas ende, med konserter og skremmande god nattmat. Kan monster som fenrisulven, titanar og zombiar festa like hardt som Bergens studentar? Kanskje får du til og med eit glimt av Hufsa eller ein basilisk! 

Inngang: 50,-

Logg inn