Program

Kræsjkurs i kjærleik

Kræsjkurs i kjærleik
  • Dato: 01.11.2017 - 01.11.2017

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiste Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Sigrid Husebø Øygard

  • Innledere:

    Frode Thuen, Samlivsekspert og professor i psykologi ved HVL

    Ellen Sofie Lauritzen, Forfattar og journalist

    Fleire innleiarar annonserast

Studentane i Bergen brukar mykje tid på å tindre, hooke og date - kanskje er du ein av dei? Når studieplassen ikkje kjem med kjærleiksgaranti, står ein fort på eigne bein for å finne den rette. Alle leitar etter denne, men veit nokon eigentleg kven dei leiter etter eller korleis kjærleiken fungerar. La oss seie at du plutseleg møtar the one. Dykk kjenner kvarandre kanskje ikkje, men kjemien er merkbar. Vegen herifrå til ekte kjærleik, kva no enn det er, er lang og full av forundring. Diverre kan ingen gje ein fasit på korleis du får det til å vare.

Du kan likevel få kloke råd når Frode Thuen og Ellen Sofie Lauritzen heldt kræsjkurs i kjærleik på Kvarteret! Frode er professor i psykologi og fast samlivsspaltist i Aftenposten. Ellen har gitt ut forteljingar om Tinder i boka ”Snakkes til uka”, som handlar om sine eigne erfaringar med sjekkeappen.

Saman skal dei ta for seg det hyperuniverselle temaet som kjærleiken er, og presentera gode råd for oss som prøvar å navigere i jungelen av roting, stemnemøter, avslag og store kjensler. Enten du er håplaust forelska, ein notorisk tinderella, eller allereie i eit fast forhold så vil kræsjkurset vere lærerikt og nyttig for kjærleiken!

Logg inn