Program

Kristen vs. humanist

Kristen vs. humanist Foto: Espen Rosdahl Johnsen
  • Dato: 16.11.2017 - 16.11.2017

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Storelogen, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Debatt

  • Møteleder: Karl Sveinung Vikne Knutsen

  • Innledere:

    Arild Pedersen
    Forsker og professor ved UiO
    Lars Gule
    Filosof og samfunnsdebattant
    Halvor Nordhaug
    Biskop

Norske verdiar er i vinden. I Grunnlova av 1814  vert det skrive at “verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår”. Men er desse to eigentleg foreinelege?   

Både Knut Arild Hareide og Sylvi Listhaug hevdar å fremja kristne verdiar. Likevel er dei rykande ueinige i ei rekkje verdispørsmål. Mange vil nok svara at nestekjærleiken er sentral i kristendomen, og opprinneleg henta derifrå. Men er demokrati, fridom og individualisme eigentlig ein del av det kristne tankegodset, eller er det desse verdiane som er den «humanistiske arven»?  

Til debatten har vi invitert tre deltakarer som skal diskutere den kristme og humanistiske arven. Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug, som har vore med på å skriva boka Hvor kristent bør Norge være. Der argumenterer han for at dei humanistiske verdiane i grunnen er reinspikka kristendom i ny innpakking. Tidlegare generalsekretær i Human-Etisk Forbund, Lars Gule. Forbundet er ein interesseorganisasjon som arbeider mot ein sekulær stat med full livssynsfridom. Filosof Arild Pedersen, som meiner det er tullete å snakke om ei felles kristen arv når dei kristne sjølv ikkje er samde om kva ho omfattar.  

 

Logg inn