Program

Litterært Kvarter: Kortprosa

Litterært Kvarter: Kortprosa Bilde: Maia Kjeldset Siverts/Sigrid Hesjevoll
  • Dato: 04.10.2017 - 04.10.2017

  • Tid: 20:00 - 22:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Innledere:

    Maia Kjeldset Siverts
    Forfattar
    Sigrid Hesjevoll
    Forfattar
    Olaf Haagensen
    Kritikar i Morgenbladet

Kortprosa. Før: eldre, kvite menn om alvorstunge tema. No: skarpsindige og observante tekstar. Litterært Kvarter har invitert to friske røyster innan kortprosa og ein litteraturkritikar til å diskutere skifte innanfor sjangeren.    

Kortprosa er ein open sjanger og omhandlar ulike formar for kort fiksjonsprosa. Dette har tradisjonelt vore ein alvorleg sjanger, men i dag blir den ofte brukt til humoristiske tekstar. Eit auka mangfald har ført til det humørfylte og observante skiftet som har skjedd. Dei nye forfattarane har teke sjangeren i sine eigne hender.  

Maia Kjeldset Siverts’ fyrste bok Det ble en rotte! slo ned i den etablerte litteraturen som eit lyn av nyvinning og bekmørk humor. Sigrid Hesjevoll utga Flamme-singelen Manual for betre dagar, som vart teken imot som ein humoristisk tekst. Litteraturkritikar i Morgenbladet, Olaf Haagensen kjem for å setja litteraturen i perspektiv.  

Litterært Kvarter er eit konsept som legg til rette for ein litterær kveld med opplesing og diskusjon. Korleis stiller desse morosame tekstane seg til den litterære tradisjonen? Er den korte forma ein refleksjon av samtida eller eit naudsynt brot med klassiske konvensjonar? 

Logg inn