Program

Musikk og samfunnskritikk

Musikk og samfunnskritikk
  • Dato: 13.11.2018 - 13.11.2018

  • Tid: 20:00 - 22:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Samklangfunnet

  • Møteleder: Synnøve Reitan

  • Innledere:

    Betty Stjernen

    Punkdronning

    Einar "Engelen" Engelstad

    Musikkjournalist i Bergens Tidende 

    Punkebjarte

    Radiovert og innehaver av Punkebjartes Punkeplater

    Torgeir H. Nærland

    Professor i medievitskap ved UiB

    Leiving

    Hardcore-band

    Musikarar fra Bergen Filharmoniske Orkester

Kultur er ofte fanebêraren for samtalane me har i samfunnet, anten dei er kritiske eller framsnakkande. Kva har spesifikt musikken å seie i samfunnskritikken, spesielt når den er presentert gjennom politiserte sjangrar som punk?

Betty Stjernen, omtala som Bergens punkdronning, vil gi oss eit innblikk i korleis punken organiserte ein felles front mot nynazismen på 80-talet.

Einar «Engelen» Engelstad, musikkjournalist i BT, har sett musikken utvikle seg som plattform for samfunnskritikk gjennom fleire tiår.

Punkebjarte, punkradiovert og innehavar av Punkebjartes Punkeplater, vil gi oss ein introduksjon i den moderne punkescena i Bergen.

Også Torgeir H. Nærland, professor i medievitenskap ved UiB, vitjar oss for å fortelje om dei unike eigenskapane musikken har, samanlikna med andre medier, og korleis den kan nyttast i ein samfunnskritisk kontekst.

Hardcore-bandet Leiving vil gi oss sitt perspektiv på “den nye punken”, og korleis tekstane deira passar inn i kanskje den mest politiserte musikksjangeren.

Logg inn