Program

P3-kartellet

P3-kartellet
  • Dato: 30.10.2018 - 30.10.2018

  • Tid: 20:00 - 22:00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Samklangfunnet

  • Møteleder: Annonseres

  • Innledere:

    Mats Borch Bugge 

    Tidligere musikksjef i P3

    Peder Ebbesen

    Skribent for GAFFA

Kva avgjer om ein artist i Noreg lukkast i musikkbransjen eller ikkje? Er det opp til den musikalske kvaliteten, eller handlar det om å ha dei rette kontaktane?

Det er ikkje lett etablere seg som ny artist i Noreg, og mange brikkar må først falle på plass. Christine Dancke seier sjølv i remixen av Attitudeproblem at “jeg kan sørge for at du blir noe, bror” - men er det slik at ein må kjenne nokon som er i industrien frå før for å bryte gjennom?

Til å diskutere desse spørsmåla har vi invitert to sentrale personar i norsk musikkliv: journalist i musikkmagasinet Gaffa Peder Ebbesen, og tidlegare musikksjef i NRK P3, Mats Borch Bugge. Ebbesen meiner NRK P3 forskjellsbehandlar ferske artistar, og at det ikkje er kvaliteten som er avgjerande. Borch Bugge er på si side ikkje samd med dette, og forsvarer den redaksjonelle linja NRK P3 legg seg på.

Vi skal ta eit djupdykk ned i kriteria som avgjer kva artistar som vert spelt på radio, og kva steg ein må ta for å verte ein vellukka artist i Noreg i dag.

Logg inn