Program

Plaster på psyken

Plaster på psyken

Det er lettare å be om sympati når ein har influensa enn om ein er deprimert. Kvifor tek me ikkje like godt vare på den psykiske helsa vår som den kroppslege?

 

Kva tid var sist du kjende eksamensstresset, depresjonssymptoma, eller angsten komme snikande? Tenkte du på å komme deg til fast-psykologen og sjekke om du har fått angst igjen? Me går til legen når dei fyrste symptoma på influensa dukkar opp, men når det gjeld psykisk helse er me ikkje like raske på avtrekkaren.

 

Psykisk helse får stadig meir merksemd i media, og stadig fleire er opne om vanskane sine.

Kjem det kanskje ein dag kor det er like naturleg å snakke om angsten sin som kva ver det er meldt neste morgon?

 

Med oss har me psykolog Peder Kjøs frå TV-programmet Jeg mot meg og generalsekretær i Rådet for psykisk helse, Tove Gundersen. I tillegg kjem lege Ingebjørn Bleidvin som skal diskutera sosiale stigma rundt mental helse. Me set dessutan søkelyset på førebyggjande tiltak tilpassa ein travel studentkvardag.

Logg inn