Program

Politikar søkjer arbeidserfaring

Politikar søkjer arbeidserfaring
  • Dato: 06.03.2018 - 06.03.2018

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Tivoli, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Upop

  • Møteleder: Ingvild Heggertveit Hagesæter

  • Innledere:

    Gabriel Steinsbekk

    Sosiolog og gruppesekretær

    for SV i Bergen bystyre

    Jacob Aars

    Instituttleiar hjå administrasjon-

    og organisasjonsvitenskap, UiB

Dei startar karrieren som tenåringar, og planlegg heile livet deretter. Yrkespolitikarane vert utdanna til å styre landet,  men kva skjer med demokratiet?

 

I landet mellom bakkar og berg likar me politikarar som er våre likemenn. Den folkelege politikaren vert romantisert. Men kven er dei på Stortinget? Leiarar som kjenner Kari Normann sine utfordringar er etterspurt, men ser ut til å vere ein sjeldan sort.

 

Profesjonalisering av politikarar trengst i ein stat av aukande kompleksitet. Skuggesida med dette er ei større avstand til folket. Færre politikarar har fartstid på “golvet”, og resultatet er politikarforakt. Det er ikkje berre i Noreg ein ser utviklinga. Kjem dei folkevalde til å møte giljotinen når avstanden veks?


Yrkespolitikaren står i sentrum på godt og vondt når me inviterer til møte om demokratiet sine lakeiar. Sosiolog Gabriel Steinsbekk er gruppesekretær for SV i bystyret, og skreiv sin master om moderne elitegrupperingar. Jacob Aars er instituttleiar for administrasjon- og organisasjonsvitskap ved UiB. Aars medverka til boka Tjenestedemokratiet, som tar for seg velferdsstaten som ei arena for deltaking.

Logg inn