Program

Politisk aften i Grøndahls

Politisk aften i Grøndahls
  • Dato: 15.03.2018 - 15.03.2018

  • Tid: 20.00 - 22.00

  • Sted: Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Debatt

  • Møteleder: Sara Bjønness Hagfors

  • Innledere:

     

    Freddy André Øvstegård

    Stortingsrepresentant på Stortinget

    Ingebjørn Sofie Larsen

    Kulturredaktør og daglig leder hjå Minerva

Tykkjer du politikarane er for blankpolerte? Er du lei strigla debattar? No har du sjansen til å sjå noko heilt anna!

Vi inviterer til ein uformell politisk debatt i Grøndahls på Det Akademiske Kvarter med kjappe replikkar og låg terskel for å stille spørsmål, kvar grensa mellom panel og publikum blir viska ut. Er du misnøgd med debattane på TV, men eigentleg tykkjer politikk er interessant? Då er politisk aften-konseptet noko for deg.

Denne kvelden går vi inn i brennaktuelle konfliktar og spørsmål, og du får moglegheit til å spørje paneldeltakarane om alt du lurer på. Møt opp til diskusjon mellom politikarar og studentar, der vi leiar deg gjennom ein politisk kveld med ein halvliter saft i kvar hand. Til debatten kjem Stortinget sin yngste representant, Freddy André Øvstegård fra Sosialistisk Venstreparti. I tillegg har vi fått med oss Ingebjørg Sofie Larsen, kulturredaktør i den liberale tenkjetanken Minerva.  

Kvarteret sine talentfulle kokkar diskar opp med gratis smakfulle smårettar til dei oppmøtte.

 

Logg inn