Program

Skjønnhetstyranniet

Skjønnhetstyranniet
  • Dato: 08.11.1997 - 08.11.1997

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Kultur

  • Møteleder: Victoria Schei

  • Innledere:

    Maja Hattvang, Bloggar og forfattar

    Britt Sørensen, Kulturkommentator og filmkritikar i Bergens Tidende

    Siri Meyer, Professor i kunsthistorie ved UiB

“Spegel, spegel på veggen der, kven er den vakraste i landet her? Ingen er ven nok,men for kun 1300kr kan du kjøpe denne fantastiske antirynkekremen. Kva er det riktige idealet for skjønnheit? Gjennom internett og andre medium har det vakse fram ein omfattande skjønnheitsindustri som nærmast uregulert tilbyr stadig nye løysingar på feil me ikkje visste me hadde. Me får tips og tilbod om korleis me kan perfeksjonera utsjånaden vår, og korleis me betre kan likne på eit urealistisk og urettferdig skjønnheitsideal.

I eit mylder av nye produkt og meiningar om kva me skal rekna som skjønnheit er det lett å gå seg vill, og lett å la seg rive med. Det som mange gløymer er at skjønnheit og personlegdom er knytt uløyseleg saman. Skjønnheitsindustrien, marknadskreftene og media synst å ha eit samarbeid som utnyttar den sårbare forfengelegheita vår. Korleis påverkar industrien synet me har på eigen skjønnheit?

For å diskutere skjønnheitsdeala i samfunnet og problema rundt dei kjem bloggar og bokdebutant Maja Hattvang, og Siri Meyer, professor i kunsthistorie ved UiB. Saman med kuturkommentator og BT-filmkritikar Britt Sørensen kjem dei med sine perspektiv på saka.

Logg inn