Program

Wolfgang prater

Wolfgang prater
  • Dato: 16.10.2018 - 16.10.2018

  • Tid: 18.00 - 20.00

  • Sted: Teglverket, Det Akademiske Kvarter

  • Komite: Samklangfunnet

  • Møteleder: Marte Helene Arnesen Einan

  • Innledere:

    Wolfgang Plagge

    Professor ved Norges Musikkhøgskole

Kvifor er det noko musikk som talar til oss, medan annan fell på heilt døve øyre? Trenger me bakgrunnskunnskap for å skjøne musikk? Kan eit musikkstykke kun tolkast på ein måte? Kan musikk framførast «feil»? Kan musikken spele ei rolle i direkte kommunikasjon oss menneske imellom?

Samklang inviterer til eit morosamt, metodisk og musikalsk føredrag der me vil freiste å gi eit svar på desse spørsmåla. I tillegg vil me sjølvsagt opne for at du som sit i publikum får svar på dine spørsmål.

Professor ved Norges Musikkhøgskole, Wolfgang Plagge, mellom anna kjend frå NRK-programmet “Landeplage” med Ravi, losar oss gjennom ein musikalsk heilaftan. Plagge er kjend for si virtuose tilnærming til pianoet, og var i si tid omtala som eit vidunderbarn. Plagge har ein heilskapleg og omfattande kunnskap om musikkhistoria, og vil på sitt eineståande vis fortelle oss om dei formidlande eigenskapane ved musikken. I tillegg vil Plagge sjølv spele for oss i løpet av kvelden.

Vitjande kan med andre ord vente seg ein kveld spekka med både lærdom og humor. Bli med på ei unik oppleving med ei levande legende i norsk musikk!

 

Logg inn